REFERAT FRÅ FAU-MØTE
ULVESET SKULE
Stad: Ulveset skule
Tid: 17 oktober 2011
Til stades: Hans G. Møvik-Olsen, Heine Jakobsen, Åse H. Samuelsson, Jan Eide, Mette Anette Herland, Aina Lokøy Sørensen, Åge Grønhaug og Anne Elisabeth Møvik Hornnes.
Sak 1: Konstituering FAU 2011/2012.
Desse vart vald:
Leiar: Hans G. Møvik-Olsen.
Nest-leiar: Silje Brekke vert spurd, har ennå ikkje sagt ja.
Kasserer: Heine Jakobsen.
Skrivar: Anne Elisabeth M. Hornnes.
Sak 2: Målsetjing for FAU dette skuleåret er å arbeide vidare for:
• Fau har mellom anna vorte informert om prosjektet «trivselsleiar».
• Skulen er vorte zero-skule. To foreldre har meldt seg til å vere med i programmet.
• Arrangere ein eller fleire bytedagar for ski/sportsutstyr og liknande.
• Matvanane til elevane. Setje fokus på kva som er ein god og sunn matpakke.
• Infoskriv. FAU kan betre informasjonen ut til både foreldrekontaktane og foreldre.
• Setje i gong ein sosial kveld for elevane i gymsalen, anten eit trinn eller fleire trinn i lag.
Sak 3: Informasjon om FAU på skulen si heimeside/facebook.
Målet er å få ut informasjon oftare til både foreldrekontaktane og foreldre. Referat og liknande kan leggjast på nettsida til skulen. Beskjedar som bør kome raskt ut bør leggjast på facebook. Ansvar for å opprette ei facebook side: Jan Eide.
Sak 4: Søknad om bruk av gymsal.
FAU har klart å få tid i gymsalen kvar torsdag kl. 17-19. Alle klassane kan nytte denne tida.
FAU tenkjer at fleire klassar/trinn kan bruke dette på tvers av kvarandre eventuelt med ein aktivitet som alle kan vere med på. Alternativt er at det vert sett opp tider som dei ulike trinna kan nytta gymsalen. Det vert laga eit skriv om dette. Ansvar: Åse Samuelson.
Sak 5: Etterlysing av arbeidsinstruks for utevakter på skolen.
FAU stilte spørsmål om instruks for utevakter førre skuleår. Før neste FAU-møte tek leiar i FAU dette opp med rektor.
Sak 6: Bytedag
FAU vil arranger ein bytedag også denne hausten. Forslag til dato: 13/11-11 kl. 13-15. Alternativt 20/11 eller 27/11 same tid. Når dato er satt, må det sendast melding ut til flest mogleg. I tillegg må det setjast inn annonse i Vest Nytt. Ansvar: Jan Eide.
Sak 7: KFU
Skulen bør ha ein representant til det kommunale FAU. Leiar bør stille eventuelt ein annan person som kan i denne sitt fråver.
Sak 8:Eventuelt.
Neste FAU-møte vert måndag 7/11-11.
Referent
Anne Elisabeth Møvik Hornnes


