Symjing

Etter jul vil bassenge opne att. Alle klassane vil få tilbod om symjeundervisning i løpet av vårhalvåret.

Dei utrulege åra

Sjekk denne siden for gratis kurs for foreldre til born mellom 6 og 10 år.

Kyrkja

Torsdag 15. desember er skulen invitert til julegudsteneste i kyrkja. Småskulen kl. 9 og mellomsteget kl. 11 Småskulen tek buss medan mellomsteget går.

For dei som har gjeve melding om at ein ikkje skal til kyrkja, vert det alternativ undervisning på skulen.

Gymsalen stengd

Gym.salen ved Ulveset skule vert stengd for trening 29. november og veke 50 (12. – 16 . desember)

 

Juleavslutning

Småskulen har juleavslutning onsdag 14. desember og mellomsteget har torsdag 15. desember.
På begge kveldane vil elevane underhalde litt frå scenen i gymsalen.

De får nærare informasjon om tid og opplegg i ranselposten.

Kompetansehevingskurset

Skriv med svarslipp om kompetansehevingskurset er delt ut med ranselpost. Tilbakemeldingsfrist er fredag 18. november. Du finn og skrivet her

Zero – kompetansehevingskurs for foreldre

29. november kl. 18.30 – 20.00 blir det kompetansehevingskurs for foreldre/føresette i temaet mobbing. Invitasjon og påmelding kjem i ranselposten seinare.
Kurshaldar er Svein B Størksen frå Senter for atferdsforskning ved universitetet i Stavanger.
Frå skulen stiller heile personalet.
Vi gler oss!

Ulveset skule – zeroskule

Ulveset skule er inne i første året som Zero-skule. Ute i klassane jobbar elevane og lærarane med temaet gjennom ulike innfallsvinklar. Det er også eigne felles Zero-samlingar i småskulen og på mellomtrinnet. 
Temaet var oppe på alle foreldremøta og vil vere eit naturleg tema i utviklingssamtalane denne hausten.
Alle tilsette ved skulen som jobbar med borna har fått kursing i Zero av vår kontaktperson i Zerogruppen. Lærarar og assistentar/barne og ungdomsarbeidarar jobbar jamnleg strukturert med Zero i kollegagrupper.
Det er oppretta ei ressursgruppe ved skulen som har hovudansvaret for framdrifta i utarbeidinga av Ulveset skule sin handlingsplan mot mobbing. I ressursgruppa er også foreldra representert og arbeidet der er i full gong.
1. konkrete resultat frå dette arbeidet er allereie sett ut i live. Frå og med 26.10 starta vi opp med ny inspeksjonsplan med nye vaktsonar og nye instruksar. Vi innførar dei ulike tiltaka i planen etterkvart som dei er omhandla. Til våren vil vi ha ein ny levande plan som skal ut på høyring mellom anna til Fau for så å bli vedteke i SU.

Endring i timeplan for 1. og 2. trinn

Frå og med veke 45 blir det en endring i timeplanen for 1. og 2. trinn. Måndagen får ein undervisningstime meir og elevane er ferdige med skuledagen kl. 14.00.
Sfo startar som vanleg ved undervisningsslutt.