I dag starta arbeidet med å få ny skuleport montert. Dette har vore etterlengta lenge, og vi gler oss over at porten snart vil vere på plass.
Informasjon om måling av radon på skulen
I perioden frå midten av desember til midten av mars var det gjennomført rutinemålingar av radon på skulen. Verdian ligg over tiltaksgrensa, og tiltak er allereie sett i gang. For å dokumentere at ventilasjonsanlegget fjernar radon i driftstida, er det no sett ut elektronisk måleinstrument som registrerer døgnvariasjonen i radonkonsentrasjonen. Skulen kjem tilbake med meir informasjon når måleperioden er over.
Førsteklasse til neste år
Skulen har fått melding om at det er 8 førsteklassingar som skal ta til her på skulen til hausten.
Det er ikkje innskriving ved personleg frammøte i Fjell kommune. Info-skriv til føresette blir sendt ut rett over vinterferien.
System for utsending sv SMS til alle føresette
Skulen innførte rett før jul eit system for varsling til alle føresette. Både administrasjonen, lærarane og SFO vil bruke SMS-systemet for å gi viktige beskjedar. Det er viktig å merke seg at det ikkje er råd å svare på meldinga.
Velkomen til den nye heimesida til Tellnes skule
Endeleg er vi på plass med ny heimeside!
Her vil vi legge ut relevant informasjon (nyhende, endringar, osb) som vi meiner kan vere av interesse for deg å lese om.

