Skulehelsetenesta

Som elev på skulen kan du komme til oss med fysiske, psykiske eller sosiale problem. Ikkje noko problem er ” for dumt” eller ”for lite” å komme med. Skulehelsetenesta driv ikkje behandling, men gir råd og rettleiing. Det er ikkje alt vi kan løyse for deg, men det kan uansett vere fint å ha nokon å snakke med.

Og hugs ! Helsearbeidar har teieplikt!

Her er nokre døme på kva vi veit fleire kan stri med:

  • Det å tilpasse seg ein ny skule og nye venner kan vere vanskeleg. Vi veit at mange har fysiske plager som muskulære spenningar, magesmerter, hovudpine og konsentrasjonsproblem.
  • Mange elevar har vanskelege heimetilhøve. Du har kanskje foreldre som har rusproblem, eller du har det sjølv?
  • Du kan ha psykiske problem. Til dømes kan du føle deg deprimert. Du får ikkje sove, du synest livet er meiningslaust, eller du føler at du ikkje er noko verd.
  • Fleire har ete – forstyrringar. Det kan vere at du et mykje og deretter kaster opp. Du slankar deg kanskje altfor mykje. Du ønskjer råd om kva som er rett mat for deg. Ta ein tur til helsetenesta, så kan vi prate om det.
  • Kanskje kan nokon av dykk, både gutar og jenter, ha vore misbrukt seksuelt av nokon heime, av annan nær familie, venner eller av ukjente. Alt dette er vondt å gå med for seg sjølv.
  • Nokre treng informasjon om kjønnssjukdommar, og prevensjonsrettleiing.
  • Nokre gonger kan det vere godt å ha vaksne å snakke med utan at du har spesielle problem. Du er velkommen til oss då også.
  • I tillegg til at du kan ta kontakt med oss med dei vanskane du har, gir vi råd og rettleiing om alt som har med kropp og helse å gjere. Du kan også få undersøkt syn og hørsle.
  • Du kan tinge ein time på kontoret hos Bjørg eller berre stikke innom.
  • Helsesøster er på skulen to til tre dagar i veka. Skulelegen kan du treffe ein dag annankvar veke. ( Sjå oppslag på døra til helsekontoret eller snakk med kontorsekretæren.)
Velkomen til skulehelsetenesta !

Elisabeth Vaage
-helsesøster-

Stig Guntveit
- skulelege-

Comments are closed.