Rådgivartenesta

Skulen har 4 rådgivarar; Olav Kåre Fjell, May Almhjell, Wenche Solsvik, og Steinar Vibeto.

Rådgivarane kan treffast kvar dag, og dei skal hjelpe både elevar og føresette med spørsmål/problem i skulekvardagen.

Hjelp hos rådgivar kan vere nødvendig dersom du ønskjer kontakt med helse- og sosialvesenet, den pedagogisk-psykologiske tenesta eller andre institusjonar. Du kan og ta kontakt med rådgivaren om du ønskjer ein vaksen å snakka med.

May Almhjell og Olav Kåre Fjell er sosialrådgivara. Dei kan elevane ta kontakt med dersom de har problem. Blir eleven sjuk i løpet av skuledagen, kan May og Olav Kåre hjelpe.

Wenche Solsvik er spes.ped.koordinator. Ho har ansvar for organisering av tilbodet til elevar som får spesialundervisning og gir rettleiing til lærarar som arbeider med spesialundervisning. Ho koordinerer og tar kontakt med PPT.

Steinar Vibeto arbeider mellom anna med andre framandspråk /språkleg fordjupning og yrkesorientering. Han gir rettleiing ved overgang til vidaregåande skule og val av vidaregåande utdanningsprogram. Han er også kontaktperson for ”Arbeidslivsfag”

Alternative grupper

Fjell Ungdomsskule har følgende alternative grupper 2011-2012:

  • Pers gard
  • Våge gruppen
  • Kunsthuset
  • Kakebakehuset
  • Kantinedrift
  • Pedersen – sportsgruppe
  • Sørlibasen
  • Leksegruppe

Vidaregåande skule: Utdannings – yrkesrettleiing

Fristen for å søkje inntak på vidaregåande skule er 1. mars (Vær merksam på at 1.mars er midt i vinterferien). Kvar elev får tilgang på søkjarsida ( vigo.no) om lag 10. januar. Då skal dei ha fått passord i posten frå ”min id.” Saman med passordet får eleven ei rettleiing om korleis han/ho skal gjennomføre søkjeprosessen. Det er viktig at eleven tek godt vare på skrivet som inneheld passord. Skulen har ikkje tilgang til det. Skal eleven ha hjelp av rådgjevar til å søkje, må han/ho ta med seg passordet. Rådgjevar vil gjennomføre eit ”søkjarkurs” i 10. klassane når alle har fått tilgang til søkjarsida si.

Sotra Rotary vil arrangere utdanningsmesse på Bibelskulen, Bildøy den 15. januar 2012. Denne messa er lagt til kveldstid, men det er obligatorisk frammøte for elevane på 10. trinn. Føresette er og hjerteleg velkomne på denne messa.

Mange av dei vidaregåande skulane i bergensregionen har opne dagar fram mot søkjedagen den 1. mars. Elevar som ønskjer å besøke nokre av desse skulane ,vil få permisjon nokre timar til slike besøk.

Rådgjevarkontoret er ope for elevar (og føresette) som ønskjer råd og rettleiing i samband med val av utdanningsprogram på vidaregåande skule.

Rådgjevar: Steinar Vibeto

Comments are closed.