Skulen har eit bra utbygd bibliotek. Det inneheld vel 4000 bøker. Skjønnlitteraturen omfattar for det meste ungdomsbøker, men klassikarane finnest og. Med tanke på prosjektarbeid kan leksika og andre oppslagsverk gje verdfull hjelp med artikler og stoff som er kvalitetskontrollert. På biblioteket er det multimediamaskin med internett.
Skulebiblioteket er ope med bibliotekar 5 timar kvar veke. Gruppene kan nytte det med jamne mellomrom, og elevar kan avtale bruk når det er trong for det.
Elevane kan låne inntil to bøker om gongen og ha dei heime i tre veker.



