ORDENSREGLAR FJELL UNGDOMSSKULE
RESPEKT REGLAR:
- Vi snakkar fint til kvarandre
- Vi rettar oss etter beskjed frå vaksne
- Vi møter presis og førebudd til timane
- Vi mobbar ikkje
- Alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Opplæringslova § 9a. 1 og 4
- Alle elevar har rett til eit mobbefritt miljø der alle har medansvar for at ikkje nokon opplever krenkande og ulovleg åtferd frå andre.
- Alle elevar har rett til å bli høyrde i saker som vedkjem dei.
Opplæringslova §2.9. og 3.7.
- Alle elevar skal vise omsyn og respekt for andre, bidra til arbeidsro i timane og syne respekt for undervisninga. Alle elevar møter punktleg og førebudd til timane.
- Alle skal bidra med å halda orden overalt på skulen.
- God læring krev godt kosthald i kvardagen. Elevar skal derfor ikkje ha med seg eller nytte snop og brus i skuletida, om ikkje det er etter særleg avtale lærar eller leiinga. Slike lokale avtalar må ikkje føre til at elevar har snop og brus ute i skulegarden/ gongane.
- Elevane kan opphalde seg i korridorane i 1.etasje når det vert gitt løyve til det
(klokka ringjer 2 gonger).
- Ingen elevar kan nytta gangen i 2.etasje i administrasjonsblokka når dei skal gå mellom T-blokka og P-blokka.
- Alle elevar skal ha meldebok med på skulen. Dersom ein ikkje er førebudd, må det leverast melding. Melding om fråver må leverast første skuledag etter fråveret. Fri frå undervisninga kan gjevast dersom det er særlege grunnar. Søknad om fri inntil 2 dagar skal skrivast i meldeboka. Søknad om fri i meir enn 2 dagar må sendas rektor.
- Elevar skal ikkje ha med eller bruke farleg reiskap på skulen.
- Alle elevar skal unngå farleg leik som kan skada dei sjølv eller andre. T.d. bruk av fyrverkeri, snøballkasting, dypping, bruk av vannballongar, sykling og mopedkøyring på skulens område.
- Det er forbode å ha med eller bruke rusmiddel på skuleområdet. Dette gjeld også arrangement utanom skuletida. Opplæringslova §9.5.
- Elevar skal ikkje bruke mobiltelefon eller anna privat, elektronisk utstyr i skuletida – dette skal vere avslått og liggje i sekken.
SANKSJONAR VED BROT PÅ ORDENSREGLANE:
- Samtale, munnleg eller skriftleg åtvaring frå lærar/avdelingsleiar/rektor
- Melding til dei føresette, møte med dei føresette
- Inndraging av friminutt, bortvisning frå timen
- Bortvisning frå skulen i inntil 3 dagar
- Gjensitting eller parade
- Skifte av gruppe, klasse, skule
- Nedsett karakter i orden og åtferd
- Inndraging av mobiltelefon eller anna privat, elektronisk utstyr – kan berre hentast av dei føresette etter skuletid
- Skadeverk medfører at eleven må rydde opp /utbetre skaden og dei føresette er erstatningsansvarleg for inntil kr. 5000, dette gjeld også skulens bøker (skadeerstatningslova §1.2)
- Inndraging av ulovlege eller farlege gjenstandar og evt. levering av desse til politiet
- Ved lovbrot vil rådmannen vurdera å melda saka til politiet (kommunal prosedyre)
PRESISERINGAR:
Krenkande og ulovleg åtferd er til dømes:
- fotografering av medelevar og leggje bileta på nettet, negativ omtale på nettside
- negative sms, mms, chat, epost, ryktespreiing
- rasistiske utsegn og handlingar
- seksuell trakassering
- sjikane på grunn av religion, legning eller livssyn
- hærverk
- valdsbruk
- mobbing
- trugsmål
Farleg reiskap er til dømes:
- Gjenstandar som kan brukast til å skade andre t.d.
knivar, stikkereiskap, våpen av ulike slag
Rusmiddel: nulltoleranse for tobakk og andre rusmiddel
Rektor kan i samråd med lærarane og SU gjera endringar i reglementet.



