Karakterar og karaktersetting
På ungdomssteget ( 8.-10. skoleår) skal det setjast terminkarakterar i alle fag og i orden og åtferd (unnatak er utdanningsval).
Karaktergradene i faga er: 1 – 2 – 3 – 4 – 5 og 6. 1 er dårlegaste og 6 er beste karakter. Karakteren 1 inneber at eleven har oppnådd liten grad av måloppnåing i faget. Karakteren 6 inneber at eleven har oppnådd særleg høg grad av måloppnåing i faget. For orden og åtferd er karaktergradene: God (G), Nokså god (Ng), og Lite god (Lg).
Føring av fråver på vitnemålet
Frå 1. august 2010 er det kome ei endring i Forskrift til opplæringslova.
Fråveret eleven har 8. – 10. trinn skal førast på vitnemålet til eleven. Sjå under ordlyden i § 3-41:
§ 3-41. Føring av fråvær i grunnskulen
Frå og med 8. årstrinnet skal alt fråvær førast på vitnemålet. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.
Eleven eller foreldra kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet. Dette gjeld berre når eleven har lagt fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.
Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.
For inntil 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan eleven krevje at følgjande fråvær ikkje vert ført på vitnemålet:
a) dokumentert fråvær som skyldast helsegrunnar
b) innvilga permisjon etter opplæringslova § 2-11.
For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.
Foreldre kan krevje at årsaka til fråveret blir ført på eit vedlegg til vitnemålet. Dei kan og krevje at inntil ti dagar kvart skuleår ikkje blir ført på vitnemålet.
De føresette må sende ein søknad om å stryke dagar, og leggje ved dokumentasjon (frå lege eller annan som kan skrive ut sjukmeldingar, eller svar på permisjonssøknader). Frist for innsending av søknad for fråtrekk er 1 juni kvart år.
NB: Dette gjeld berre vitnemålet. I karakterutskriftene elevane får kvart halvår skal alt fråver stå.
Heile forskrifta, inkl. § 3, kan de finne her.
Skjema fråver på vitnemålet 10. trinn
Skjema fråver på vitnemålet 9. trinn
Skjema fråver på vitnemålet 8. trinn
Klagerett for elevane
Klage skal setjast fram skriftleg og stilast til rektor. Alle karakterar som skal stå på vitnemålet kan klagast på. Dette gjeld også om ein elev ikkje får standpunktkarakter ( pga. for stort fråver eller andre tilhøve).
Kven kan klage ?
- Eleven, eller den han/ho har gitt skriftleg fullmakt, har klagerett.
- Elev under 15 år må ha skriftleg samtykke frå føresette for å klage.
- Føresette til ein umyndig elev har sjølvstendig klagerett.
- Klagefristen er 10 dagar frå det tidspunktet eleven/føresette er gjort kjende med eller burde ha gjort seg kjende med karakteren.
- Klage må setjast frem skriftleg, og vere underskriven av klagar eller fullmektig.
- Klage skal oppgi karakterane det blir klaga over.
- Klage skal sendast/leverast til rektor.
- Klagar bør samrå seg med faglærar før klage blir sendt.
- Klage på munnleg prøve, standpunktkarakterar og karakterar i orden/åtferd må grunngjevast.
- Rektor gir fråsegn om sakshandsaming, med kopi til klagar.
- Faglærar gir fråsegn, med kopi til klagar.
- Rektor sender klaga til klagenemnda.
- Klagenemnda vurderer om gjeldande reglar for karaktersetjing er følgde. Dersom klagenemnda tar klaga til følgje, skal eleven få ny vurdering.
- Rektor set endeleg karakter.
- Klagehandsaming kan føre til at karakteren blir uendra eller endra til ein betre eller dårlegare karakter.
Praktisk – Estetiske fag
Kunst og handverk
Etter Kunnskapsløftet har elevane no i snitt av 2 timar kunst – og handverk kvar veke på alle klassetrinn.
Kunst og handverk har hovedtyngda si knytta til skapande arbeid med form og farge i ulike materiale. Undervisninga føregår dels i heil klasse, dels i grupper.
Ved vurdering vert det lagt vekt på :
- Om eleven har nådd dei mål som er sett for den einskilde oppgåva, t.d. form, farge, funksjon og dekor.
- Haldning og engasjement
- Kreativitet
- Sjølvstende
- At tida er nytta godt og arbeidet er nøyaktig utført
- Fornuftig bruk av materiale og verktøy
Mat og helse
Elevane har 3 timar med ” mat og helse” i veka i 9. klasse. Mat og helse er avgangsfag i 9. klasse og tel like mykje som andre fag, ved inntak til vidaregående skule.
Kompetansemål etter 10. årssteget
Mat og livstil
Hovudområdet mat og livsstil handlar om å utvikle ferdigheiter og motivasjon til å velje ein helsefremjande livsstil. Å setje saman ernæringsmessig trygg og god mat i samsvar med tilrådningar for eit sunt kosthald frå helsestyremaktene er eit viktig grunnlag for opplæringa innanfor hovudområdet. Det blir lagt vekt på at maten skal vere variert, innbydande og velsmakande. Refleksjon rundt samanhengen mellom mat, livsstil og helse er viktig.
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:
- Planleggje og lage trygg og ernæringsmessig god mat, og forklare kva for næringsstoff matvarene inneheld.
- Samanlikne måltid ein sjølv lagar, med kostråda frå helsestyresmaktene.
- Bruke digitale verktøy til å vurdere energi- og næringsinnhald i mat og drikke, og gjere seg nytte av resultata når ein lagar mat.
- Informere andre om korleis matvanar kan påverke sjukdommar som heng saman med livsstil og kosthald.
- Vurdere kosthaldsinformasjon og reklame i media.
- Vurdere og velje matvarer på ein mangfaldig varemarknad når ein planlegg innkjøp.
- Drøfte korleis ulike marknadsføringsmetodar kan påverke vala av matvarer som forbrukarane gjer.
- Utvikle, produsere, gje produktinformasjon og reklamere for eit produkt.
- Vurdere og velje varer ut frå etiske og berekraftige kriteria.
Mat og kultur
Innanfor hovedområdet mat og kultur er måltidsskikkar til kvardag, høgtid og fest og kunnskap om norsk tradisjonsmat og mat i ulike kulturar og religionar sentale emne. Maten skal vere innbydande. Både tillaging og presentasjon av mat er knytte til teknologi og design.
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:
- Planlegge og gjennomføre måltid i samband med høgtider eller fest og ha ei vertskapsrolle.
- Lage mat for ulike sosiale samanhengar og drøfte korleis mat er med på å skape identitet.
- Gi døme på korleis kjøkkenreiskapar, tillagingsmåtar eller matvanar har endra seg over tid eller flytta seg geografisk, og forklare korleis det har verka inn på livet til folk.
- Skape og prøve ut nye retter ut frå ulike råvarer, matlagingsmetodar og matkulturar
Musikk
Elevane på 8 trinn har 2 timar musikk i veka, elevane på 9 trinn har 1 time musikk i veka. Musikk er avgangsfag i 9 klasse. Det vil seia at elevane får standpunktkarakter i musikk i 9 klasse og at dei ikkje har musikk på 10 trinn.
Målet for undervisninga er at elevane skal :
- Musisere og danse: Elevane skal tileigna seg eit song-, danse- og musikkrepertoar som gir innsikt i samtida og oppleving av ei fleirkulturell verd. Dei skal utvikle evna til å ta ansvar for å planleggje, øve inn og gjennomføre framføringar med song, samspel og dans.
- Komponere: Elevane skal utvikle evna til å arbeide med musikalske idear innanfor ulike musikalske former, sjangrar og arrangere eigne komposisjonar og formidle dei til andre.
- Lytte: Elevane skal kunne identifisere og skilje med aukande nyansering innanfor dei ulike elementa i musikken. Dei skal utvikle evna til å lytte med ope sinn til eit breitt utval av musikk med aukande kompleksitet og øve seg på å bruke kritisk sans og musikalsk skjønn. Gjennom aktiviserande uttrykks- og arbeidsformer skal dei bli kjende med og vise kunnskap om utviklinga og mangfaldet i musikkformer, sjangrar, tradisjonar og kulturar.
Kroppsøving
Mål: I kroppsøving skal elevane utvikle kunnskap om kroppen og om fysisk aktivitet i eit helsefremjande perspektiv. Elevane skal også utvikle kunnskap og dugleik i eit breitt utval av lagidrettar og individuelle idrettar. Dei skal få kjennskap til fysiske kvalitetar og tekniske og taktiske moment i dei ulike idrettane. Ved vurdering blir det tatt omsyn til kroniske sjukdomar, t.d. astma, allergi, leddsjukdom, ryggplager. Karakteren blir gitt på grunnlag av to likeverdige delar: innsats og kunnskap/dugleik.
Gymtøy: Om hausten og våren føregår store delar av undervisninga ute. Dette inneber at elevane må ha rikeleg med klede på seg. Kortbukse og t-skjorte er sjeldan nok. Inne må elevane ha sko som ikkje lager merke på golvet.
Meldingar: Dersom eleven er på skolen, men har vondt i ein fot, ei hand el.likn. kan dette godt nemnast i meldeboka. Elevar som ikkje kan følgje den vanlege undervisninga i to veker eller meir, må vise frem legeerklæring. I alle slike høve får eleven tilpassa undervisning. Dette inneber gjerne at eleven følgjer den ordinære undervisninga med lågare intensitet eller gjennomfører andre øvingar som ikkje belastar skaden.
Jenter som har menstruasjon deltar som vanleg. Ved smerter reduserer eleven intensiteten sjølv, og får gå å dusje fem minutt før dei andre.
Ved vurdering av innsats blir det lagt vekt på at eleven:
- har mot og vilje til å løyse arbeidsoppgåver
- kjem raskt i gang, og arbeider jamt og flittig.
- er konsentrert når opplysningar blir gitt og når øvingar blir vist og forklart
- viser respekt for medelevar, utstyr og reglar
- arbeider godt åleine og i ulike gruppesamansetjingar
Ved vurdering av kunnskap/dugleik blir det lagt vekt på :
- teoretiske kunnskap, t.d. fysiologi, anatomi, reglar i ulike idrettar
- teknisk/taktisk dugleik, t.d. evna til å føre seg godt teknisk og taktisk i ulike idrettar
- fysisk dugleik, t.d. evna til å springe fort, hoppe høgt.



