EKSAMENSDATOAR MAI 2012
Datoar_for_skriftleg_eksamen_i_grunnskulen_i_2012_
I tillegg til dette har Fjell Ungdomsskule munnleg eksamen den 14. juni.
Respektundersøking vår 2012
Foreldre informasjon RESPEKT[1]
Den 24. ,25. og 26. og 27. april gjennomfører vi Respektundersøkinga.
Dette er andre året skulen gjennomfører denne undersøkinga og vi vil gjerne få inn høg svarprosent både frå lærarar og elevar mht korleis læringstilhøva ved skulen er.
Innsamling til SOS- barnebyer før jul
Fjell Ungdomsskule har i dag sett inn kr 61.180,- til SOS barnebyer.
Fantastisk flott beløp! Bravo alle sammen!
Vinnarar av Respektkonkurransen våren 2012
Resultater Respektkonkurranse vinteren 2012
1. premie 1000,- Stine Rå+ Maja F Hovland 8A/teikningar
2. premie 500,- delt mellom Pernille Takle 10B/ sakprosa tekst
og Charlotte Turøy 9E/ skjønnlitterær tekst
3. premie 250,- 9D v/ Anny Eikefet &co/ filmsnutt
respekt tegning 2
http://www.youtube.com/watch?v=3qFBsTOTtX4&feature=youtu.be
Vi skal også legge ut tekstane som vann 2. premie- vi må berre få dei overlevert digitalt.
Informasjon om radonmåling og funn på Fjell Ungdomsskule
Vedlagt ligg eit brev som gjev informasjon til tilsette og heimar i samanheng med at Eigedomsavdelinga i Fjell kommune har funne for høge målingar av radon på 2 av 12 utlagte målsestasjonar ved skulen. Dei to for høga målingane var på rom 173: 338 Bq/m3, rom 176: 164Bq/m3. Begge desse romma er nede i «nybygget».
Anbefala grense går ved 100 Bq/m3. Dei andre romma i den delen av bygget har ikkje hatt målsestasjon. Alle romma er rekna som straks utbetra ved at ventilasjonsanlegget går også i helgene og om nettene.
Målingane var ikkje svært høge, men over anbefalt grense. Strakstiltak med å setje på ventilasjon på døgnbasis er tidlegare vist å kunne redusere dobbelt så høge målingar til null, ved andre eigedommar i kommunen.
Les helst meir her: – Radonmåling Fjell ungdomsskule
I brevet står det også kor det er høve å få meir informasjon om temaet.
FORELDREMØTER
Det vert foreldremøter for 8 og 9 trinn tysdag 13. mars
klokka 18.00 for 8 trinn i kantina
klokka 19.00 for 9 trinn i kantina
Etter felles oppstart går den einskilde klasse til sitt klasserom med sin kontaktlærar/ar
Velkomen
Halv studiedag på Fjell ungdomsskule
Vi har felles studiedag for alle trinna ved skulen halve onsdag 7. mars. Det tyder at elevan går heim kl 11.30 og har studiedag resten av dagen. Sjå eige skriv vedlagt i lenka ovanfor. Skulebussen heim går kl 11.30!
Søknader om permisjon våren 10. trinn
Skulen vil vanlegvis ikkje gje permisjonar om våren til feriar for elevar på 10.trinn.
Dette skuldast at det er innspurt mht alle fastsetjingar av karakterar, prøveeksamenar, og oppkjøring til eksamen.
Dette tyder i praksis at dei som søkjer, til vanleg vil få avslag, og slik ikkje kunne søke om å få ta bort fråværet.



